Upcoming
Ø
Ø er eit tverrkunstnarisk prosjekt som speidar etter konkrete møtepunkt mellom dans, musikk og tekst. Det skal bli til eit 15 minuttars verk med Guoste Tamulynaite som komponist og utøvar og Berit Einemo Frøysland som koreograf og dansar. Verket skal ha premiere på festivalen Danserom i Bergen 24. og 25. mars 2023, ein festival som jobbar for mangfald og økt mottakeligheit for samtidsuttrykket. Det blir teken utgangspunkt i bokstaven Ø for å finne felles form og innhald til å skape komposisjon og koreografi – bokstaven som metafor, geometrisk form og stemningsskapar. Ut ifrå tekstlege partitur med Ø i seg blandar me våre praksisar og finner metodikkar. Her er musikk og dans er avhengige av kvarandre for å eksistere og saman utgjer dei kjerna i verket.


Mission
Tverrkunstnariskk prosjekt med premiere på Festivalen DanseRom 24+25. mars 2023. Guoste og Berit si tidslinje for kunstnariske interesser kryssast på eit punkt der me deler ein djup trong til å gå i djupna i relasjon musikk-dans. Korleis kan me vere saman på openberre og vage måtar?

Visjon
Ø kan sjåast på som ein avbroten syklus, ein sirkel med eit snitt, brot, kutt i seg. Kva skjer når det føreseielege blir ustabilt? I dette arbeidet synes me det er spanande å sjå på augneblinken frå å skape ein modell, eit kriterium, eit bilete, ein figur for så å kople frå, mislukkast og opphøyra.
LOOPS - SIRKLAR - SYKLUSAR

Språkhistorisk sett har Ø ei gong i tida vore O og E som vart slått saman – me ser på dette som ein metafor for musikar-dansar relasjonen vår, som me ynskjer skal opplevast som at berre gir meining saman på scena. Me slår oss saman og blitt til ei uttrykksform.
Steamboat Willie-inspirert loop/syklus
Ø fungerar òg som stemningsskapar. Dikta skal romme ei lita verd som publikum kan kvile i, seile litt av gårde frå, assosiere og få eit nytt blikk på:
Ø-DIKT
Kva er
Ø er den 28. bokstaven i alfabetet
Ø er ei startgrop for dans-musikk-poesi
Ø er ein sirkel med eit snitt
Ø er ein avbroten syklus
Ø var O og E
Scrabble
Ø
Øm
Øve
Glør
Drønn
Skjørt
Mønster
Frisøren
Døgnrytme
Førarsetet
Dei fire årstidene
Snø, bjørk, kvitkløver og løv. Lauv. For ei møa. Glør?
Fakta
Ø er den 28. bokstaven i alfabetet.
Ein gjennomsnittleg menstruasjonssyklus varar 28 dagar.
Ein solsyklus varar 28 julianske år. Den julianske kalendaren er forløparen til den gregorianske me brukar i dag. Juliansk etter Julius Cæsar.
Overhøyrd
«Løvstakken. I think that is my favorite one. Løvstakken. L-… (teiknar i lufta) L-Ø-V-S-T-A-K-K-E-N»
Ordsmak
Ømme drønn øydelegg døyvande sømn
Fingerbølen i sølv med sør-sønnavind fønvind
Glødande, oppløysande
Døgnrytme, kløyvd
Øve, prøve, forstørre, størst
Idømt kvitkløver og bjørnebær
Kløktige, gjøglande forsøk.