top of page

BLAFF

Blaff skal bli ei danseførestilling og handlar om det forgjengelege ved våre korte liv.  Eg vil gå tilbake i historia og sjå nærare på dei små skjebnane, dei som ikkje har nokre store heltehistoriar etter seg. Kanskje er alt som er att ein setning, nokre fakta i eit arkiv. Med dans som medium vil eg seie noko om det underfortalte og at me som menneske har, i stadig aukande grad, eit ynskje om å legge frå oss spor og ha makt over eige ettermæle. Kva er eit menneskespor, kva vil det seie å halde fast og gi slipp?

 

Eg har nettopp vore på residens på Sprang i Ål (ko-produsert av Bærum Kulturhus Dans Sør-Øst Norge) no i mai, der eg mellom anna skapa ein film og utforska tematikken fysisk og gjennom besøk på Hallingdal Museum og Ål Bygdearkiv. Eg er spesielt interessert i 1800-talet fordi det var då fotografiet smått om senn gjorde sitt inntog, noko som forandra heile oppfatninga vår av det å «halde fast» (og har hatt store verknader for liva våre i dag). Eg er særleg oppteken av husmannsfamiliar sine historier. Husmannsveldet var eit til dels undertrykkande system i Noreg på 1800-talet der dei fattige husmennene levde i armod slit og måtte betale dei rikare bøndene for ein lapp med dårleg jord ved mykje og farleg arbeid (til dømes slå høy oppi skråningane). Eg tykkjer mange av desse historiane er underfortalte og eg vil lyfte det fram ved hjelp av dans, film, bilete og tekst. Kroppsleg er eg spesielt interessert i hendene sine avtrykk gjennom overføring av kunnskap og arbeid gjennom generasjonane. Dersom sjelen er i augo, ligg kanskje det som knyter oss saman som menneske i handlingar, i hender?

 

20230502_091421.jpg

Bilder frå Ål Bygdearkiv og Hallingdal Museum

20230511_165820.jpg

(Om aura: )

«Et særegent spinn av rom og tid: En unik tilsynekomst av noe fjernt, så nært det enn kan vere».

Walter Benjamin, «Kunstverket i tidsalderen for dets tekniske reproduserbarhet»

METODAR: 

Etterlikne

Førestille seg

Bli trekt mot noko - vemod? 

Stein som materiale 

Fast - Flytande (Støypt - vind)

20230509_143230.jpg

 

«Inntrykket av gammelmodighet kan bare oppstå der det på en viss måte berører det aller mest aktuelle. Fordi begynnelsen på moderne byggekunst ligger i passasjene, så innebærer det gammelmodige inntrykket de gir på nåtidens mennesker nøyaktig like mye som når en far virker anikvert for sin sønn»

Walter Benjamin. «Passasjeverket. Mote»

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hvis en har karakter, så har en også en opplevelse som stadig vender tilbake»

                                                                                                                     Friedrich Nietzsche

«Visk ut alle spor!»

Brecht, Lesebuch für Stadtbewohner

 

«Det å holde fast er i dag for de få»

«Erfaring og armod.» Walter Benjamin

 

                 

 

Det hører med til menneskesinnets eiendommeligheter … at hver samtid til tross for så mye selvopptatthet i hvert enkelt individ likevel generelt ikke er misunnelig på framtiden.»

                                                                                                                      Hermann Lotze

20230511_142442.jpg
20230509_141806.jpg
bottom of page